Vis bakgrunnsbilde
Program
Kystsogevekene si vintersamling — 1530 Stiftinga Kystsogevekene Ran Seilforening/Anglevik   Debatt , Foredrag , Seminar , Arrangement utanfor Kystsogeveke-perioden


Kystsogevekene startar i 2018 opp med eit nytt tilbod: ei vintersamling for dei ulike aktørane kring Kystsogevekene. Samlinga finn stad torsdag 15. februar i klubbhuset til Ran Seilforening, Anglevik, Litle-Sotra.

...

Tanken er at dette skal vera ein møtestad for å treffa andre som arbeider med Kystsogeveke-arrangementa: kommunale kulturfolk, arrangørar, utstillarar, politikarar, artistar og alle andre som har interesse av arbeidet til Stiftinga Kystsogevekene for å fremja kystkulturen i dei 22 kommunane på Vestlandet frå Gulen i nord til Sveio i sør.

 

Bruk vintersamlinga til å møta andre aktørar rundt Kystsogevekene. Her kan du dela erfaringar, utveksla idear for korleis ting kan gjerast framover og ikkje minst kan du bli inspirert.

 

 

Førebels program
1000 Oppmøte/velkomst ved Marianne Bjorøy, ordførar i Fjell kommune
Kulturelt innslag ved Vivian Steinsland frå Sund
Dag Hundstad – Kystkultur – begrep og bevegelse
Tom Georg Indrevik, varaordførar i Fjell kommune: Kystsogevekene som identitetsbyggingsreiskap i samband med kommunesamanslåinga i 2020
Beinstrekk/kaffi
Sigvard Madsen, festivalsjef TysnesFest: Kreativ arenabruk i strandkanten på TysnesFest

1200  Kystsogevekene spanderer lunsj

Kulturelt innslag ved lokale UKM-talent
Gruppearbeid/diskusjon: Korleis vil de bruka Kystsogevekene framover?
Beinstrekk/kaffi/kaker/frukt
Jon Askeland, ordførar i Radøy kommune: Slik gjer me det på Radøy
Oppsummering
1530  Avrunding

Innimellom dei andre innslaga vil det bli presentert nye Kystsogeveke-element.

 

 

Påmelding

Her er link til påmeldingskjema

Seminaravgift? Nei!

 

Facebook

Link til arrangementet på facebook

 

Vegskildring

På denne linken finn du vegskildring til Anglevik

 

Bilete frå lokala

På denne linken finn du bilete og meir info om klubbhuset til Ran Seilforening

 

PDF-plakat

På denne linken finn du pdf med info om vintersamlinga

 

Helsing
Kjell Magnus Økland
Dagleg leiar
Stiftinga Kystsogevekene
+47 95 04 67 39
kystsogevekene@hfk.no
www.kystsogevekene.no

Kystkultur i 22 kommunar på Vestlandet
4. august til 16. september 2018


Ran Seilforening/Anglevik