Vis bakgrunnsbilde

Reportasjen

Laurdag 16. september: Hauststormseglasen - regatta frå Herdla til Fedje

 

...

Laurdag og sundag inviterte Nordhordland Seilforening til den tradisjonsrike tur- og havseglarregattaen Hauststormseglasen. Løpet startar like vest for Herdla og går nordover Hjeltefjorden til Fedje. Undervegs er det runding av fleire sjømerker slik at arrangøren har høve til å avkorta løpet dersom tilhøva tilseier det.

 

Denne gongen gjekk løpet austom Kyrkjeflua (NV for Lerøyna i Austrheim), nordom Mikkelsboen (stake vest for Rongevær i Austrheim) og austom Hillesøyflua lykt (midt i Fensfjorden, sørvest for Byrknesøya i Gulen). For å få dei siste båtane i mål avkorta regattasjef Jan Vidar Nordstrand løpet her. Båtane fortsette så bort til Fedje der det var middag (fiskesuppe og kvalbiff) og premieutdeling for laurdagens seglas.

 

Om sundagen gjekk løpet frå Moldøyosen (like nord for Fedje) via Kyrkjeflua og sørover Hjeltefjorden. På veg til Herdla skulle båtane austom stakane på Mefjordsboen (to stakar midtfjords omlag på linje mellom Sture terminal og Skjeljanger). Her vart løpet avkorta for dei 18 båtane. Båe dagar bles det 3-5 m/s som tilsvarar laber bris. Sol, varmt vêr og god stemning både på fjorden og ikkje minst på Fedje gjorde årets Hauststomrseglas svært vellukka.

 

Les meir om arrangementet på denne linken

Les meir om Hauststormseglasen og sjå resultata via denne linken

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene

Vil du bidra med reportasje frå eit arrangement under Kystsogevekene? Send epost til kystsogevekene@hfk.no

 

 

Onsdag 13. september: Utpå med skuto - undervisningsopplegg på Lyngheisenteret

 

...

 

Tysdag til torsdag har det vore skuleelvar på Lyngheisenteret på Lygra i Lindås kommune som har hatt undervisningsopplegg både på sjø og land. På land har det vore matlaging og undervisning om lyngheiene. På sjøen har Brørvikskuto vore arenaen med gode krefter frå Skutefolket, ein dugnadsgjeng rundt Brørvikskuto.

 

Brørvikskuto er ei rekonstruert vedaskute frå Stamnes i Osterfjorden. Ombord fekk elevane frå Seim og Sæbø skule prøva dei 10 meter lange årane og dei fekk oppleva korleis ein har segla langs leia med fin bør bakfrå.

Les meir om arrangementet på denne linken

Les meir om Brørvikskuto på denne linken

Les meir om Skutefolket på denne linken

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene

Vil du bidra med reportasje frå eit arrangement under Kystsogevekene? Send epost til kystsogevekene@hfk.no

 

Onsdag 13. september: Debatt om kva me vil med Kystsogevekene i Møllo på Litlebergen

 

...

 

Onsdag 13. september var det debatt om kva kurs Kystsogevekene skal leggja seg på. Fyrst var det innlegg ved ordførarane i Radøy, Lindås og Meland, Jon Askeland, Astrid Aarhus Byrknes og Øyvind Oddekalv samt dagleg leiar i Kystsogevekene, Kystsogevekene. Etter ein liten matbit tok ordstyrar Dag Lindebjerg ordet og fekk i gang debatten. Mange tok ordet og kom med gode innspel til både namn, kurs, arrangementstypar og koblingar ein kan gjera for å vidareutvikla Kystsogevekene. Ein viktig konklusjon er at Kystsogevekene står sterkt og spelar ei viktig rolle i lokal identitetsskaping.

Les meir om arrangementet på denne linken.

Foto: Bente Kopperdal Hervik og Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene

 

Sundag 10. september: Kystsogedag på Tønnegarden i Fusa

 

...

Det var eit rikhaldig program som venta for dei mange som tok turen til Tønnegarden i Fusa. Fyrst ut var Holmefjord Musikklag som spelte i verkstaden. Dinest vart Tønneloftet opna der det er både kafe og fotoutstilling om tønnemakinga si soge i Fusa. Så entra Nils Kolle scenen og tok oss med gjennom eit riss av korleis sildakulturen har prega store delar av Vestlandet. Han sette så den lokale tønneproduksjonen i Fusa inn i denne samanhengen.

 

Etter dette var det mange som nytta høvet til å eta litt og handla litt hjå dei mange utstillarane. Neste programpost var ein konsert med pianisten Hanna Øygard. Deretter gav bøkkar Jostein Gangstø ein demonstrasjon av korleis ei tønne vert produsert. Ein fin detalj var at medan bøkkaren flytta seg rundt omkring i verkstaden, så kunne publikum sjå dette direkte på storskjermen. Neste innslag var eit talkshow der det kom gode soger frå tønnemaking før det heile vart avslutta med duell om kven som var raskast til å setja opp ei tønne. Folk koste seg og utanfor hadde ein òg høve til å prøva ulike aktivitetar, mellom anna spikarhamring, smikunst og veteranbuss. Dagen må reknast som svært vellukka, noko dei fleire hundre publikummarane stadfesta. Dei fleste vart verande på Tønnegarden gjennom det meste av programmet.

 

Les meir om arrangementet på denne linken

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene

Vil du bidra med reportasje frå eit arrangement under Kystsogevekene? Send epost til kystsogevekene@hfk.no

 

 

Onsdag 6. september: Foredrag i Rosendal om restaureringa av Gjøa

 

...

 

På det nye Folgefonnsenteret i Rosendal inviterte Interesselaget for Galeas Gurine til foredrag om restaureringa av den kjende Hardangerjakta Gjøa. Etter ein kort velkomst ved Anders Jordal fekk Morten Hesthammer ordet og fortalde den spanande soga om Gjøa.

 

Gjøa vart bygd i Rosendal i 1872 av Knut Johannesson Skaala (Jøra-Knuten). Den 70 fot store jakta vart brukt i tradisjonell fiskerifart dei fyrste 28 åra, fyrst i Asbjørn Sexe si eige, dinest i Hans Christian Johannesens eige. I 1901 kjøpte Roald Amundsen skuta og segla frå 1903-1906 som det fyrste fartøyet gjennom nordvestpassasjen. I San Fransisco kom skuta til ein storslagen velkomst i oktober 1906. Skuta vart så verande her og lite skjedde før skuta i 1909 vart sett på land. Der vart skuta ståande og alt på 1920-talet finst det rapportar om at ho er i skral tilstand. Like etter andre verdskrigen vart det gjort eit restaureringsarbeid på jakta, men utsett for regn vart det stadig forfall på Gjøa.

 

Som ein følgje av nærgåande hippiar sine aktivitetar vart det avgjort at Gjøa skulle flyttast frå San Fransisco til Sjøfartsmuseet Bygdøy, der skuta kom i 1972. Då vart det utført eit nytt restueringsarbeid og sidan har jakta stått utstilt på land. Dei siste 10 åra har Frammuseet overteke jakta, bygd eige hus over Gjøa og innreidd utstilling. Som ein del av dette arbeidet har Hardanger Fartøyvernsenter utført omfattande arbeid på jakta. Morten Hesthammer viste og forklarte kva som er gjort. Mange av dei frammøtte i salen er aktive med liknande arbeid på galeasen Gurine og kjende godt att mange av problemstillingane som Morten Hesthammer og dei andre folka til fartøyvernsenteret har arbeidd med.

 

Les meir om arrangementet på denne linken

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene

Vil du bidra med reportasje frå eit arrangement under Kystsogevekene? Send epost til kystsogevekene@hfk.no

 

Laurdag 2. september: Huslidsmesse på Gjerstad på Tysnes

 

...

 

Laurdag 2. september og sundag 3. september skipar Tysnes Husflidlag til si store husflidsmesse i Tysneshallen på Gjerstad. Her kunne ein sjå mykje flott huslid i ulike kategoriar, mellom anna tekstil, saum, hekling, skinn, drakt, tauverk og båt. Kjell Magnus Økland heldt foredrag om Oselvaren i biblioteket og Egil Meland hadde demonstrasjon av bygging av ein færing. Sjølv om det fine vêret kanskje mest lokka til uteaktivitetar var det svært mange som kom til messa. Overraskande mange av dei frammøtte var menn. Det skuldast nok Tysnes Husflidslag sin medvitne strategi med innslag særskilt retta mot menn.

 

Les meir om arrangementet på denne linken

Tekst og foto: Karen-Maria Andersson og Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene

Vil du bidra med reportasje frå eit arrangement under Kystsogevekene? Send epost til kystsogevekene@hfk.no

Torsdag 31. august: Oselvardagen for 9. klassane i Os

 

...

 

Torsdag 9. klasse hadde 9. klasse frå Os ungdomskule god klaff med veret då dei hadde sin Oselvardag. Båttypen er viktig for Os og ein har difor vedteke at alle 9. klassane skal ha ein full skuledag med både teori om og praktisk bruk av Oselvaren som tema. Frå Oselvarverkstaden er båtbyggjarane Stig Henneman og Berit Osmundsen instruktørar og Oselvarlaget stiller med seilinstruktør, i dag var det Leif Hetleflåt.

 

Med nokså spegelblank sjø var det fine tilhøve til roinga, medan seglinga vart ein langsam affære. Elevane såg ut til å kosa seg og fekk testa korleis til dømes elvastraumen som gav båttypen namn kunne både gje god fart og plunder når dei skulle inn og ut av hopen ved Oselvarnaustet. Klassen vart delt slik at eine halvdelen var på sjøen medan den andre halvdelen var på land og fekk undervisning i knutar, dette viste seg å vera nyttig når båtane skulle fortøyast.

 

 

Les meir om arrangementet på denne linken

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene

Vil du bidra med reportasje frå eit arrangement under Kystsogevekene? Send epost til kystsogevekene@hfk.no

 

Onsdag 30. august: Skuleklasse på Bogatunet på Radøy

 

...

 

Mandag 28. august, tysdag 29. august og onsdag 30. august har 6. og 7. klassar ved Hordabø skule hatt undervisning på Bogatunet for å levandegjera korleis ein fiskarbondefamilie levde på 1850-talet. Elevane er kledde opp i gamaldagse klede og lagar tradisjonskost. Eldre menneske og tradisjonsberarar syner og fortel elevane om dei ulike gjeremåla som var viktige delar av kvardagen på ein gard. Elevane har lært om matskikkar, prøvd klede og lært songleikar som var vanlege på 1800-talet. Opplegget på Bogatunet er eit samarbeid mellom Hordabø skule og Radøy Sogelag.

 

Les meir om arrangementet på denne linken

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene

Vil du bidra med reportasje frå eit arrangement under Kystsogevekene? Send epost til kystsogevekene@hfk.no

 

Sundag 27. august: Trellevikstemnet på Tofterøy i Sund

 

...

 

Sundag 27. august gjekk det tradisjonsrike Trellevikstemnet av stabelen. Med strålande vêr kunne folk kosa seg både på land og på sjø. Optimistjoller, Elias-båt, kanoar, kajakkar og Oselvarar hadde fine tilhøve med ein svak vind som stod inn frå Korsfjorden. På oppsida av det store Trelleviknaustet var Sund Turlag og Redningsselskapet frampå med stand. I skjenkjestova kunne ein få mykje godt for ganen og i Trelleviknaustet var det ei kulturstund med Sundkoret og Kjell Magnus Økland som fortalde om Oselvaren. Til sist var det loddtrekning på premiar med ei stor fruktkorg som eit høgdepunkt.

 

Les meir om arrangementet på denne linken

Les reportasje i Vestnytt på denne linken

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene

Vil du bidra med reportasje frå eit arrangement under Kystsogevekene? Send epost til kystsogevekene@hfk.no

 

Sundag 27. august: Kulturminnevandring på Algrøyna i Fjell

 

...

 

Sundag 27. august inviterte Fjell Kulturminnelag, Algrøy Bygdalag og Fjell Turlag til kulturminnevandring på Algrøyna. På skuleplassen fortalde Hans Inge Algrøy dei over 40 frammøtte om korleis det vart gjort eit enormt stort sildasteng vinteren 1924 i Kungvika på vestisda av Algrøyna. Me fekk høyra om kona som oppdaga at det kokte nedi vågen, korleis folk vart varsla, om dei tre notlaga på Algrøy og fleire frå naboøyane som kom til for å hjelpa med fangsten. Sidan veret var dårleg laut nøtene berast over land og mange gjekk i lang rekke med eit par kveilar tung not på skuldra. Kaldt, glatt og frisk vind gjorde nok at det ikkje var så lett. Etter kvart fekk dei stengt silda med nota litt innom innløpet til Kungvika. Når silda var komen i lås kunne ein starta arbeidet med å ta orkast og dette arbeidet tok mange dagar, men fortenesta var god. Til dømes vart bedehuset på øya finansiert frå dette sildastenget, tilliks med fleire giftarmål og somme fekk oppgradert husa sine som fylgje av denne silda. Omrekna til dagens pengeverdi var verdien mellom 10 og 12 millionar kroner.

 

Les meir om arrangementet på denne linken

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene

Vil du bidra med reportasje frå eit arrangement under Kystsogevekene? Send epost til kystsogevekene@hfk.no

 

 

Laurdag 26. august: Kystsogedagane på Holmeknappen i Meland

 

...

 

 

Kystsogedagane på Holmeknappen er eit av dei lengstlevande arrangement i Kystsogevekene. Også i år var det ein variert meny på programmet. Ei rekkje utstillarar tilbaud varer med lokale råvarer. På scenen opna ordførar Øyvind Oddekalv arrangementet og ved kaien låg veteranbåtane Vestgar og Oster, redningsselskapet tilbydde turar med Eliasbåten til barna, Atle Bergseth fortalde om Oselvarprosjekt i Meland, sørgåande Hurtigruteskip "Nordlys" var innom om helste med skipsfløyta, noko som både Vestgar, Oster og veteranbussen svarte på.

Knappen Handleri, Sjøbua, Holmestova og Galleri Rustica var alle opne. Frå scenen strøymde det sang og musikk gjennom dagen. På ettermiddagen var det forestilling om Gjest Bårdsen før Oster la ut på festtokt rundt Holsnøy. Det vart sett publikumsrekord for laurdagen på Holmeknappen og veret var slettes ikkje verst, sol, varmt og ein svak bris.

 

Les meir om programmet på Kystsogedagane på Holmeknappen på denne linken

Les meir om staden Holmeknappen på denne linken

 

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene. Alle foto er tekne laurdagen.

Vil du bidra med ein reportasje frå eit Kystsogevekearrangement? Send epost til kystsogevekene@hfk.no

 

 

Sundag 20. august: Gøy på landet på Stend i Fana

 

...

 

Sundag 20. august var det Gøy på landet, open stasjon på Stend stasjon og prøv coasteering på Stend. Inne på museumsområdet til Hordamuseet kunne folk prøva ei rekkje aktivitetar slik livet arta seg på ein bondegard for hundre år sidan. Frå Lagunen kunne ein ta veteranbuss eller vera heldig og få haik med flotte veteranbilar. Inne på museumsområdet venta gardskoner som bakte flatbrød, vaska klede, karda og spann, rakte og sagde ved. I smia venta smeden og publikum hadde òg høve til å sjå kursdeltakarane på kipe-bindingskurset i arbeid.

 

Nede ved sjøen venta baseng der ein kunne laga strikkbåtar, knutestasjon, opne naust der det vert vølt på båtar og kafe med fiskesuppe. Utpå fjorden var det Oselvarar i ulike storleikar som var populære. På badeplassen i Mjelkevika var det base for utprøving av Coasteering, ein ny måte å oppleva livet i fjæra på. Her padla og symde deltakarane over til Stendaholmen der svaberg og strand gav utfordringar til dei som ville prøva. Aktivitetsmylderet var stort og mange blide fjes tyder på at det var gøy både på lannet og på vannet.

 

Link til side med informasjon om Gøy på landet

Link til side med informasjon om open dag på Stend stasjon

Link til side med informasjon om prøv coasteering

Førehandsreportasje i Bergens Tidende del I på denne linken

Førehandsreportasje i Bergens TIdende del II på denne linken

Førehandsreportasje i Fanaposten på denne linken

 

 

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene


Vil du bidra til denne sida med reportasje frå eit av arrangementa under Kystsogevekene?
Send stoff til kystsogevekene@hfk.no

 

 

Laurdag 19. august: Opning av nyrestaurerte laksegiljer i Osterfjorden

 

 

...

 

Laurdag 19. august var det opning av nyrestaurerte laksegiljer ved Askildneset i Osterfjorden. Staden Askildneset har ikkje veg, så folk laut koma sjøvegen. Frå Bergen gjekk veteranbåten Bruvik med stogg på Frekhaug, Salhus, Knarvik, Hamre og Tysse. Då hadde alt Oster vore innom Hamre og Tysse. I tillegg møtte mange mindre båtar på fjorden, så til saman var det kanskje kring 300 menneske til stades.

 

På programmet ombord i Oster var mellom anna høgtalarsendt tale ved Osterøy-ordførar Jarle Skeidsvoll, song ved Ingunn Spilde, musikk ved Fotlandsvåg Musikklag, tale ved initiativtakar Erling Kleiveland, om fjorden som ferdsleveg mellom Bergen og Voss ved Rune Revheim, om fjorden som del av UNESCO sitt biosfæreprogram ved Peter Emil Kaland, tale ved fylkeskonservator Erlend Hofstad, status for Osterfjorden som villaksefjord ved Geir Magne Gammersvik frå Hordaland Sjøfiskarlag og til sist ei orientering om kva ein meiner med å ta fjorden tilbake, ved Dag Kenneth Marholm frå SeaCamp.

 

Folk hadde høve til å verta sette i land med båt og vandra opp til eine laksegilja. Der traff ein fiskaren som budde i hytta og som stod på vakt ute i tårnet for å sjå når laksen symde over sitjenota. Var det von om fangst kunne fiskaren sleppa ned stein som heiste opp nota og sette fisken i lås. Fleire av deltakarane på turen kunne fortelja om eigne opplevingar frå dette særmerkte fisket ved laksagiljer kring Osterfjorden og Sørfjorden.

 

Link til side med informasjon om arrangementet

Link til side med Bygdanytt sin reportasje om arrangementet

 

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene


Vil du bidra til denne sida med reportasje frå eit av arrangementa under Kystsogevekene?
Send stoff til kystsogevekene@hfk.no

 

 

Fredag 18. august: Konsert med Storm Weather Shanty Choir i Bekkjarvik

 

...

 

Hengjo var arenaen då Storm Weather Shanty Choir heldt konsert. Eit engasjert publkum var stornøgd med konserten. Hengjo er ei gammal nothengje der ein tørka garn og nøter. Kanhende var dette siste gong Hengjo vart nytta som konsertlokale. Det såg ikkje ut til å setja nokon dempar på stemninga i salen. Allsong og god kontakt mellom shantikoret og publikum. Og til slutt kom sjølvsagt sjølve godshantien: What shall we do with the drunken sailor?

Les meir om konserten på denne linken

Les Marsteinen sin reportasje på denne linken

 

Fredag 18. august: Historisk reise med ds Stord1

 

...

 

 

Med fullt belegg av passasjerar frå sogelag og pensjonistlag frå Stord, Kvinnherad, Ølen, Etne og Vindafjord la ds Stord1 frå kai på Leirvik. I siste liten kom ei kone frå Åkra i Kvinnherad springande opp landgangen. Dette var Johanne Øvstebø Tvedten som illustrete korleis det var å reisa i barnedåp på 1930-talet.

 

I solskin og varmt vèr bar det forbi moloen i Lerivik hamn. På veg sørover fortalde HSD-kjennar Harald Sætre om fjordabåttrafikken til HSD. Fyrste stoggestad var Ølen og neste stogg var Etne. Ei lita forseinking grunna feilrekning av distansen mellom Etne og Skånevik, førte til at den utolsame passasjeren på kaien i Skånevik laut nøya seg med det klassiske HSD-svaret: "Ruta er når me kjem!"

 

På strekket mellom Skånevik og Fjelbergsund delte Kjell Magnus Økland nokre tankar om Kystsogevekene og Oselvaren. Heile turen gjekk i svært godt vèr og fyrst då både spring og baktrosse var sett fast ved endestogget på Leirvik, gjorde himmelens sluser alvor av det lova regnet.

 

Tekst: Kjell Magnus Økland

Foto: Kjell Magnus Økland og Harald Sætre.

 

Les fleire detaljar om turen på denne linken

Les StordNytt sin reportasje om turen på denne linken

Les Kvinnheringen sin reportasje om turen på denne linken

 

Tysdag 15. august: Attreising av steinkrossen ved Eivindvik kyrkje

 

 

...

 

 

Kva skjer når ein 1000 år gamal steinkross knekk? Det var tema for seminaret som Anne Hopland, dagleg leiar ved Gulatinget i Gulen inviterte til i Gulen Rådhus. Seminaret opna med innlegg frå riksantikvar Jørn Holme om forvaltning av freda kulturminner i Noreg, aktørar og lovverk. Deretter gjekk Eva Walderhaug frå Riksantikvaren gjennom prinsippa for prosessen med attreising av Gulen-korset før kyrkjeverje i Gulen, Trude Brosvik fortalde om korleis det var å stå med ansvar når det går gale. Gulen-ordførar Hallvard Oppedal forklarte kva eit slikt kulturminne som steinkrossen har å seia for innbyggjarane i Gulen før det vart ei lita drøfting.

 

Etter lunsj viste arkeolog ved kulturavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune korleis ein driv forvalting av kulturminner og kva prosessar som skjer ved skade på slike. Deretter forklarte forvaltningsteknikar frå Stavanger Arkeologiske Museum, Geir Oskar Magnussen om kva ein gjer når ein skal lime saman ein kross på 1000-talet. Siste innleiar på seminaret var Irene Baug som greidde ut om kva slags markering av makt og kristendom steinkrossane på Vestlander representerer. Til sist var det ein ny runde med drøfting og spørsmål frå salen før ein gjekk ut til steinkrossane.

 

Ved den no restaurerte krossen var det ei markering der medlemmer av Frendar Vikinglag var utkledde i kostymer, forfattar av bygdeboka for Gulen, Magnor Midtun las ein sjølvskriven prolog til ære for steinkrossen før riksantikvar Jørn Holme formelt gjenopna steinkrossen. Etter dette var det festkonsert i kyrkja med Karl Seglem og Christine Marøy.

 

Link til side med informasjon om seminaret

Link til side med informasjon om konserten

Reportasje i Nordhordland på denne linken

Reportasje i Firda på denne linken

 

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene


Vil du bidra til denne sida med reportasje frå eit av arrangementa under Kystsogevekene?
Send stoff til kystsogevekene@hfk.no

 

12. august: Offisiell opning av Kystsogevekene i Strusshamn på Askøy

Opninga av Kystsogevekene 2017 var i år lagt til Strusshamn laurdag 12. august. Mange hundre menneske kom og fekk oppleva eit myldrande liv på land og sjø. Tusen takk til alle som bidrog. Sjå bildeserie nedanfor.

 

...

Les meir om arrangementet i strusshamn på denne linken

Les reportasje i Askøyværingen på denne linken

Tekst og foto: Kjell Magnus Økland/Kutschera/Kystsogevekene


Vil du bidra til denne sida med reportasje frå eit av arrangementa under Kystsogevekene?
Send stoff til kystsogevekene@hfk.no