Vis bakgrunnsbilde
Program
Den store mannadauden i Tysnes - og noko attåt — 1700 Tysnes Sogelag Skulehuset på Skorpo   Foredrag


Svartedauden: Apokalypse eller ei sviske blant tider?

Historikar Birger Lindanger held foredrag om Svartedauden på Tysnes. 

I juli 1349 seig det inn ei skute med farleg last i Bergen våg - pest! I løpet av få månadar spreidde Den Store Mannedauden seg langs heile kysten og nådde tidleg på hausten også Tysnes. Så spør me oss: Kvar kom Svartedauden frå, koss arta han seg, koss kom han til Tysnes, koss herja han her og kva verknadar fekk han både for lokalt og nasjonalt.

 

Bare ti år etter rasa den store Barnedauden, ti år etter den att Drepsotta og om lag 15 år etter der att: Storsotta. Slik heldt det fram i Tysnes om lag til 1636! Gradvis blei folketalet pressa nedover, kva kan me vita om denne prosessen, kva verknadar fekk han for folk flest og for styresmaktene.

 

Birger Lindanger (f. 1947) er forfattar og lokalhistorikar frå Rogaland.

Les omtale i avisa Bladet Tysnes på denne linken

Les reportasje i avisa Bladet Tysnes på denne linken


Skulehuset på Skorpo