Vis bakgrunnsbilde

Årebladet

Årebladet er organ for Hordaland Fylkeskystlag og vert distribuert til alle kystlagsmedlemmer i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Bladet vert laga i ståande A4 og har normalt 20-28 sider.

Neste nummer kjem 1. mai 2018 og siste frist for innsending av stoff vert 15. april.

Vil du bidra med stoff?
Send det til kjellmag@gmail.com

 

Litt historikk om Årebladet:

- Bladet har kome ut sidan 1992/93, som regel med 1-2 nummer per år. Dei fyrste blada vart skrivne for hand eller på skrivemaskin og utgitt i «bladform» med samanstifta ark.

- Seinare samlast 2-3 personar på Wesselstuen der bladet vart sett saman med ein ansatt i BA. - Så set Per Aarvik på KHiB saman bladet, ofte med bistand av/som eit prosjekt for studentane sine. Omlag på denne tida vert bladet trykt på Stord. Etter at Per gjer seg som redaktør held redaksjonen fram med å bruka trykkeriet på Stord og det vart sendt inn enkeltfiler til trykkeriet som igjen sette saman bladet.

- For å redusera dei høge kostnadene med denne arbeidsmåten byrjar redaksjonen under Camilla Blikstad si leiing etterkvart å sjølvs setja saman og filer til trykking slik at trykkeriet mottar ferdig redigerte filer for trykking.

- Trykkeriet på Stord går etterkvart konkurs og Årebladet finn så nytt trykkeri i Bergen. Ny redaktør vert Solveig Brekke og Ingunn Vardøy.

- I 2017 overtek Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene som redaktør og bladet vert lagt om til fargar.

 

Årebladet-arkivet
Klikk for å laste ned HFKL/2017/Arebladet%20nov%202017-endeleg.pdf November 2017
Klikk for å laste ned HFKL/2017/Arebladet%20Mai%202017-endeleg%20versjon.pdf Mai 2017
Klikk for å laste ned Fleire eldre utgåver av Årebladet kjem etterkvart Har du eit gammalt Åreblad? Skann det og send pdf til kjellmag@gmail.com