kystsogvekene

Vis bakgrunnsbilde

Om Kystsogevekene

Stiftinga Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kystkommunar i Hordaland og Gulen og Hordaland Fylkeskommune. Hordaland fylkeskommune er Stiftinga Kystsogevekene sin viktigaste økonomiske støttespelar.

 

 

Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege Kystsogeveker i Hordaland og Gulen. Bak dei ulike arrangementa står ei stor gruppe lokale eldsjeler som er stolte av eigenart og tradisjonar.

 

Kystsogevekene arbeidar for å styrkja identiteten i kystdistrikta og å skapa kultur- og reiselivsopplevingar knytta til kysten. Auka trivsel, vekst og nye arbeidsplassar er andre viktige målsetjingar. Målet med arrangementa er å fremja kystkultur og området sitt særtrekk.

 

Kystsogevekene speglar kystkultur fra alle tider, både gammal og ny. Folk får oppleva kystkultur og yrande folkeliv i mange former og uttrykksmåtar.

 

Programmet femner vidt, frå store folkefester til intime konserter eller små arrangement: marknader, konsertar, torgdager, revyar, turar og aktivitetar. Mange veteranbåter er i sving, og folk i alle aldre kan prøva seg på ulike maritime aktivitetar. Tradisjonsmat,  handverk og arbeidsteknikkar, lokale skips- og båttypar er sentrale ingrediensar i Kystsogevekene. På dei mange marknadene kan småskala-produsenter av ulikt slag, særleg innan mat og handverk, visa seg fram for publikum.

22 kommunar står saman om Kystsogevekene.

Kystsogevekene vart etablert i 1997.