Vis bakgrunnsbilde
Program
Kystsogedag på Tønnegarden — 1700 Tønnegarden Tønnegarden   Handverksdemonstrasjon , Lokal mat , Omvisning , Foredrag , Veteranbuss , Marknad


Foredrag ved Nils Kolle om tønneproduksjon i den lokale kystkulturen i Fusa
Leikar og aktivitetar for barn og vaksne.
Omvisning og demonstrasjon av tønneproduksjon.
Veteranbuss i skytteltrafikk.
Mat (Raudravle og andre godsaker).
 
Les omtale i Os & Fusaposten på denne linken
Les reportasje i Os & Fusaposten på denne linken
Velkomen til kystsogedag i Nore Fusa Søndag 10.september 
 
Tidlegare vart det produsert tønner i nesten kvar ei bu i Nore Fusa og både menn, kvinner og born var engasjerte i arbeidet. I dag er dette tradisjonsrike handverket i ferd med å forsvinna. 
 
Familien Gangstø driv framleis med tønneproduksjon og i 2012 opna dei Tønnegarden Économusée, eit visningssenter som ivaretek bøkkarhandverket. I år er Tønnegarden vertskap for Kystsogedagen i Nore Fusa.
 
Programmet er fullspekka av kjekke aktivitetar for både store og små; Historikar Nils Kolle, forfattar av ”Norges fiskeri og kysthistorie” held føredrag om lokal kystkultur. Det vert musikk, utstilling, leikar, konkurransar, sal av mat og omvisning og demonstrasjonar i tønneverkstaden. Heile dagen er det marknad med eit vidt spenn av produkt og tenester- her finn du alt i frå økologisk iskrem og heimaspøt til smeden Peder Dale. Dei som  har lyst kan også helsa på 
nokre av dyra på garden.
 
Program
 
12.00 OPNING Holmefjord Musikklag spelar
 
12.30 OPNING AV TØNNELOFTETFotoutstilling historiske bilder
 
13.00  LOKAL KYSTKULTUR Foredrag ved Nils Kolle
 
14:00 MINIKONSERT med det lokale talentet Hanna Øygard 
 
15:00 OMVISNING I VERKSTAD
Bøkkar Jostein Gangstø
 
16:00 TØNNELAND
Talk-show med gjestar v/ Cecilie ”Skavland” Boge
 
16:30 BØKKARDUELL
Drevne bøkkarar konkurrerer i 
kunsten å setja opp ei tønne
17:00      SLUTT
 
Heile dagen:
 
Marknad 
Lokale og tilreisande kremmarar sel mat, husflid, handverk m.m.
 
Sal av mat og drikke 
Betasuppe, raudravle, steinovnsbakte 
bollar og andre godsaker
 
Leikar og aktivitetar 
for born og vaksne
 
Sjå fullt programhefte på denne linken
Sjå plakat på denne linken
 
Arrangør: Bogøy Bygdautval
Holmefjord Bygdeutval og Tønnegarden 
i samarbeid med Kystsogevekene og Fusa kommune

Tønnegarden