Vis bakgrunnsbilde
Program
Strilashow med Cato og Claus Sævareidfjorden Ungdomslag Breidablikk Sævareid   Forestilling


Laurdag 26. august vert det stor stemning i ungdomshuseet Breidablikk med strileshowet til Claus Sellevold og Cato Jensen. Etterpå spelar lokale "Roll and Rock" til dans til langt på natt.

Cato og Claus gjorde stor suksess med kabareten "Singel & sand" i Bergen i 2016. I denne framsyninga vil duoen gi publikum smakebitar frå kabareten.

Strilekulturen var og er full av skarpe profilar. Cato & Claus alias Cato Jensen og Claus Sellevoll, går tett på dei frodige karakterane og byr publikum krambuedrops gjennom muntre sketsjar og songar frå eit miljø og ein kultur som dei fleste kjenner til på Vestlandet.

 

19:00 STRILASHOW BREIDABLIKK
ved Cato & Claus (Jensen og Sellevoll)
 
21:00-02:00 DANS BREIDABLIKK
”Roll and rock” spelar til dans
 
Førehandssal av billettar:
Show 200 kr, dans 200 kr, show/dans 400 kr.
I døra: show 250 kr, dans 250 kr.
Førehandsal på Spar Fusatun, Tønnekafeèn i Eikelandsosen og Nærmat Sævareid.

 


Breidablikk Sævareid