Vis bakgrunnsbilde
Program
Kystsogedagane på Holmeknappen  —  Kystsogedagane i Meland Holmeknappen   Konsert , Utstilling , Båttur , Musikk , Marknad , Kunst , Lokal mat , Foredrag


Kystsogedagane inviterer i år til eit breitt program laurdag og sundag. Nokre høgdepunkt:

laurdag: veteranbåtane Vestgar og Oster, Gjest Bårdsen i song, segn og sanning, Oster på tur rundt Holsnøy

sundag: friluftsgudsteneste med barnedåp, Strileshow med Cato og Claus, konsert med May Sissel m/band

Les reportasje i avisa Strilen på denne linken

Les omtale i avisa Nordhordland på denne llinken

Les reportasje i avisa Nordhordland på denne linken

Holmeknappen Laurdag 26. august kl.  10 - 16

Marknad på Holmeknappen:
Sal/ utstilling av kunst/handverksprodukt, utstilling av gamle kjørety og tradisjonsbåtar. Aktivitetar for barn og unge. Sal av tradisjonsmat som fisk, sild, lefser med meir. Open kafé med middag og kaffimat.

Kl  12.00 Offisiell opning av Kystsogedagane ved ordførar Øyvind Oddekalv

Kl  12.15 Song og musikk frå scenen med Leif Harald & Co og Øystein Blom.

D/S Oster og M/S Vestgar ligg ved kai, opne for omvising. Ca. kl. 13.30 håper vi på besøk av Hurtigruta

Kjell Magnus Økland viser og forklarer om Oselvaren, demonstrasjon på land med opprigga færing

Holmestova:      Open for omvising.

Kl 16.00 – 17.15 «GJEST BÅRDSEN I SONG, SEGN OG SANNING»

                               Linda Røyset Sandhåland song, Agnar Sagstad forteljing, Leif Johnsen opplesing.

Sjøbua:                Open for omvising.

Galleri Rustica:  Maleriutstilling  med ANNFRID LEIKVOLL

Fotoutstilling «HAVET LEVER- OG LIDER» med lokale fotografer.

Knappen Handleri: Open med eit rikhaldig vareutvalg

 

D/S Oster på tur

Holsenøy rundt med ein avstikker til Alverstraumen kl 18 – 23.

Rekebuffet og servering om bord. Pris kr 350,-

Billetter kan tingast på tlf 97686875/97176469.

 

Kystsogedagane  Holmeknappen Søndag 27 august kl. 09 - 16

Kl 09 Frukost i kafételtet

Kl. 10 Marknad og aktivitetar på Holmeknappen og veteranbåtane ligg ved kai. Utstillingar og ope i Holmestova, Sjøbua, Galleri Rustica og Knappen Handleri. (Sjå laurdag).

Kl 11 Friluftsgudsteneste på Holmeknappen kai med barnedåpKl 12 Prisutdelingar
Kl 12.15 «Strileshow» med Cato og Claus

Kl. 13.30 Kanskje kjem Hurtigruta?

1400 Atle Bergseth forklarer om rogruppe-planar i Meland, utstilling av opprigga færing

Underhaldning lokale artistar.

1900 Galleri Rustica: Konsert: MAY SISSEL m/band

 

 

Arr: Arbeidsgruppa for kystsogedagane i Meland      


Holmeknappen