Vis bakgrunnsbilde
Program
Hanevikdagen — 1700 Hanevikdagen Hanevikdagen   Marknad , Lokal mat , Konsert , Veteranbuss , Båttur


Salgsboder, kaféar og aktivitetar

Konsert frå hovedscena utstilling i naust

Veteranbuss går i skyttel mellom Hanevik og Ask

Hanevikdagen 2017

 

Framleis er det viktigaste med Hanevikdagen at folk kjem ut av husa sine og møtest. I år legg vi på nokre stikkord frå vårt nære miljø; Tusenvis av kystfolk har rydda strender. Askøyfolk har merka stiar i skogane for å gjere naturen tilgjengelig for fleire. Stadig oftare ser ein korger og gjenbruksnett i butikken - kanskje vi er i ferd med å tenke annleis enn før?

Vi håpar å spegla dette på sjølve Hanevikdagen, med eit blikk for ombruk, materialval og nærleik til råvarer og produsentar.

 

Vi får også i år besøk av DS Oster som ligg ved kai under sjølve arrangementet.

Veteranbuss skal som vanleg gå i rute mellom Ask og Hanevik. Den går i skytteltrafikk for å lette utfordringa med parkering for våre gjester.

 

Hanevikdagen er eit arrangement under Kystsogevekene, og i fjor trakk vi omlag 900 gjester. Her blir utstillingar, sal av varer og aktivitetar på land og sjø.

Inngangsbillett: 10 for de store og 10 for de små

Lotteri med trekning av flotte gevinstar

Ta med små og store pengar - ikkje alle tar kort.

Les omtale i Askøyværingen på denne linken


Hanevikdagen