Vis bakgrunnsbilde

Program 26. april

Me inviterer til eit språkleg skippertak på Litteraturhuset i Bergen 26. april klokka 1900-2100 for å berga Norskekystens ord og vendinger med all den fantastiske kunnskapen den speglar.

1. Opning ved møteleiar Asbjørn Kristoffersen, pensjonert journalist i Bergens Tidende
2. Initiativtakar Hanne Sophie Greve, lagmann i Gulating lagmannsrett, orienterer om bakgrunnen for prosjektet
3. Kjell Magnus Økland, dagleg leiar for Kystsogevekene, fortel og viser kvar Kyrstordverk-prosjektet står i dag på internett.
4. Eldar Heide, fyrsteamanuensis i norsk ved avdeling for lærerutdanning ved Høgskulen på Vestlandet, fortel om levande språk og liv som vert levd på kysten i eit undervisningsperspektiv.
5. Opning av drivved-stafetten ved Eldar Heide.
6. Kystquiz - 10 spørsmål med bakgrunn i Oselveren ved Kjell Magnus Økland. Du kan vinna eit signert eksemplar av boka «Oselvar - den levande båten».
7. Magnar Brekke, professor emeritus ved Norges Handelshøgskole og representant for prosjektet Maritim Ordbok, fortel om kor viktige ordsamlingar er.
8. Vinnaren av Kystquizen vert kåra.

9. Hanne Sophie Greve oppsummerer og avrunder med framlegg til oppfølging der ALLE tek eigarskap til prosjektet – dette er vår felles arv og vårt felleseige.

Det vert høve til diskusjon eller spørsmål etterpå.

Møtet er òg å rekna som stiftingsmøte for ein organisasjon som skal arbeida videre med Kystordverket.

 

Les reportasje frå møtet i Fiskeribladet på denne linken

Les referat frå stiftingsmøtet på denne linken