Vis bakgrunnsbilde

Vedtekter

Vedtekter for Kystordverket – et ramsalt leksikon

Kystordverket har som mål å samla inn, dokumentera, systematisera og formidla terminologi frå tradisjonell  kystkultur i Noreg. Kystordverket skal:


1.    Gjennom ein folkedugnad samla inn, forklara og formidla terminologi som ikkje er dokumentert, mykje truleg er det her eit stort ukjend tilfang.

2.    Systematisera, forklara og formidla terminologi som finst i trykt form, men berre spreidd og fragmentert. Me har ikkje som mål å erstatta eksistarende ordsamlingar, men ynskjer å supplera dem og betre få fram dette temaet i det eksisterande materialet, og generelt få betre fram ein del av språket som i dag er underkommunisert.

 

Terminologien til tradisjonell kystkultur er ei immateriell kulturarv som representerer kunnskapar og dugleikar om natur, livsvilkår og teknologi utvikla gjennom tusenvis av år og er heilt grunnleggjande for vår sjølvforståing som nasjon. Diverre er denne arva framleis underkommunisert i forteljinga om Noreg og står no i fare for langt på veg å verta gløymd.

 

Kystordverket skal gjennom eit samspel mellom innsamlingsdugnad og formidling styrkja kystkulturens plass i det kollektive medvitet og heva kystfolkets sjølvkjensle. Dette er eit kulturarbeid som verdset både røter og internasjonalt utsyn, sidan kystkulturen meir enn nokon annan del av vår kultur er oppstått i samspel mellom det heimlege stadbundne og internasjonal kontakt.

 

I fyrste omgang har prosjektet Kystordverket tre hovudretningar:

Den digitale greina:
Publisering og systematisering via nettbaserte plattformar som lokalhistoriewiki.no og Store Norske Leksikon. Her vil Kystordverket arbeida for å få midlar til ein kompetent redaktør som på profesjonelt grunnlag kan filologisk kvalitetssikre stoffet og slik sikra høg kvalitet i denne delen av prosjektet.

 

Den folkelege greina:
Kystordverket søker samarbeid med organisasjonar og institusjonar som overlappar med formålet vårt. Me vil freista å få ein ordsamlings-snøball til å rulla i mange grasrotorganisasjonar, til dømes kystlag, sogelag, fiskarlag og kulturminnelag. Slik vil me skapa ein folkedugnad som aukar medvitet om den språklege ordskatten som den tradisjonelle kystkulturen rommar.

 

Den pedagogiske greina:
Me vonar å få lærarar til å bruka innsamlingsprosjektet i undervisninga si. Me vonar å få skuleinstitusjonar til å bruka tradisjonell kystkultur som fagleg arena i langt større grad enn i dag.

 

På lengre sikt bør det innsamla materialet gjerast tilgjengeleg som trykt bok – eit ramsalt leksikon som så bør reviderast og trykkjast på nytt med jamne mellomrom. Eventuelle inntekter frå sal av dette bokverket bør gå til vidare dokumentasjonsarbeid for kystorda våre.