Vis bakgrunnsbilde

Vedtekter

Vedtekter for Hordaland Fylkeskystlag

1. Formål

Hordaland fylkeskystlag har som mål å arbeide for fremje av kystkulturarbeidet i Hordaland fylke i samsvar med Forbundet KYSTEN sine vedtak og arbeidsplanar.

 

2. Organisasjon

a) Hordaland fylkeskystlag er samansett av lokallag, tilslutta foreiningar/lag som har kystkultur som hovudsak.

Fylkeskystlaget sine sentrale organ er fylkesårsmøtet og fylkesstyret.
Fylkeskystlaget er innmeldt i Forbundet KYSTEN og betaler den kontingent pr direkte medlem som landsmøtet fastset.

b) Personar som bur i kommunar der det ikkje er lokalt kystlag, kan verta medlem direkte av fylkeslaget.

c) Fylkesårsmøtet kan vedta at laget inngår avtale med andre kulturvernorganisasjonar om sekretariatfunksjonar, informasjon m.v.

 

3. Fylkesårsmøtet

Fylkesårsmøtet er øverste ansvarlige organ for Hordaland fylkeskystlag. Årsmøtet vert halde innan utgangen av februar. Styret kallar inn til møtet med minst 14 dagars varsel. Fylkesårsmøtet er samansett av fylkesstyrets medlemmar og valte utsendingar frå kvart kystlag i fylket. Det vert valt 2 utsendingar for kvart lokallag. I tillegg får lokallaga ein representant pr 100 medlemmer. Alle medlemmer i kystlag, utan omsyn til bustad i landet, har rett til å delta på årsmøtet som observatørar.

Det skal kallast inn til ekstraordinært årsmøte når minst ein tredel av kystlaga i fylket skriftlig krev det. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame saker som er nemnt i innkallinga. Det skal innkallast med minst ti dagars varsel. Dei valte utsendingar til det ordinære årsmøtet er og utsendingar til det ekstraordinære årsmøtet.

 

Dagsorden

Godkjenne innkalling, medlemane sin stemmerett avklart i samsvar med godkjent medlemsliste og dagsorden.

Velje møtedirigent, teljekorps, møtereferent og protokollunderskrivarar.
Handsame styret sin årsberetning, rekneskap og revisorbereting. Styret deler arbeidsoppgåvene mellom seg. Fylkesårsmøtet skal velje eller engasjere revisor til Fylkeskystlaget sin rekneskap. Fylkesårsmøtet kan velje utval og arbeidsgrupper til å ta seg av særskilde saker. Handsame og vedta laget sitt budsjett, samt handsame og stemme over Fylkesstyrets forslag til arbeidsplan.
Handsame innkomne forslag, som må være styret i hende minst ei veke før årsmøtet.

 

Val

Årsmøtet velgjer styre beståande av:

Leiar for eit år

Økonomiansvarleg for eit år.

Styremedlemar som er på val for to år.

Tre varamedlemar for eit år.

Velje eller engasjere revisor til fylkeslaget sitt rekneskap.

Valkomité for etterfylgjande år.

 

Styret skal bestå av 5-7 medlemar innbefatta ein kasserar og ein nestleiar. Styret konstituerer seg sjølv.


Protokoll frå fylkesårsmøtet, vert sendt til lokallaga i fylket og Forbundet KYSTEN.

 

4. Fylkesstyret

Fylkesstyret leier fylkeslaget sitt arbeid mellom årsmøta i samsvar med årsmøtet sine vedtak. Det kjem saman så ofte som fylkeslagets leiar finn det formålsteneleg eller når minst tre av styret sine medlemar krev det. Styret kan treffe gyldige vedtak når tre medlemar, av dei leiar eller nestleiar, er tilstades.

 

5. Arbeidsoppgåver

Styret skal ta initiativ til å få i gang effektivt kystkulturarbeid i fylket. Det skal ha som særskilt oppgåve å danna nye kystlag/organiserte arbeidsgrupper i dei enkelte delane av fylket, oppretthalde og fremje kontakt mellom eksisterande lokallag, og koordinere ulike aktivitetar og prosjekt i fylket.

Styret skal til kvart årsmøte legge fram melding om aktivitatar i fylket, saman med revidert forslag til budsjett/arbeidsplan for komande år. Protokollar frå fylkesstyret sine møter skal sendast medlemar og varamedlemar, sekretariatet i landsforbundet og kystlaga i fylket. Stemmereglane i fylkesstyret er dei same som for fylkesårsmøtet.

 

 

6. Avvikling

Avvikling av Fylkeskystlaget treng 2/3 fleirtal over 2 påfylgande årsmøter, der det eine kan være ekstraordinært, med minimum 2 månaders mellomrom.

Fylkeskystlaget si formue, skal etter oppløysing delast ut til lokallaga i Hordaland etter fordelingsnøkkel basert på tal lokallagsmedlemar sin innbetaling av medlemskontingent til Forbundet Kysten siste driftsår.

 

 

Vedtekter som vedtatt av ”Årsmøtet i Hordaland Fylkeskystlag - 18. februar 2006”

Sist revidert av ”Årsmøtet i Hordaland Fylkeskystlag - 28. februar 2008”