Vis bakgrunnsbilde

Siste nytt

Her finn du siste nytt frå Hordaland Fylkeskystlag:

1. desember 2017:

Hordaland Fylkeskystlag lanserer nyt digitalt nummer av Årebladet

Sjå http://kystsogevekene.no/?k=4900&id=27361&aid=16266

 

1. mai 2017:

Hordaland Fylkeskystlag lanserer nettsider på www.hfkl.no

Nettsidene ligg plassert på Kystsogevekene sine nye nettsider og er laga av underteikna. Nyttar du domenet hfkl.no (som sjølvsagt er ei stutting for Hordaland Fylkeskystlag) kjem du direkte inn på fylkeskystlaget sine nettsider. På nettsidene finn du fylgjande informasjon:
* Link til Facebook-gruppa til Fylkeskystlaget
* Siste nytt frå fylkeskystlaget
* Info om Årebladet
* Styret til fylkeskystlaget
* Kalender med linkar til aktuelle hendingar
* Medlemslag med kontaktinfo til leiarane og kystlaga sine nettstader
* Vedtekter for fylkeskystlaget

Har du stoff som bør ut på nettsidene?
Send epost til kjellmag@gmail.com

12. mars 2017:

Epost til alle kystlaga i Hordaland:

Hordaland Fylkeskystlag (HFKL) sakshandsama prosjektskissa "Den Store Roen" på styremøtet 11.mars 2017.

 

Prosjektet er ført i pennen av styremedlem Kjell Magnus Økland.

 

Styret i HFKL ynskjer at kystlaga i Hordaland uttaler seg om denne ideen; ein familievenleg felles rotur som årvisst vert flytta  mellom ulike arrangørar og passande ruter langs vår flotte kyst, sjå vedlagte prosjektskisse.

 

HFKL vil kvart år "tildele" turen etter søknad. Vi vil vere ein aktiv samarbeidspartnar for arrangøren innafor marknadsføring, webløysing for påmelding, koordinering og rådgjeving.   

 

Det er ynskjeleg at høyringssvara tek utgangspunkt i spørsmåla under:

 

1. Er Den Store Roen ein god idè som medlemmene truleg kan tenkje seg å delta på?

2. Har de innspel til fine turar, tid på året for ein slik rotur, eller andre merknader til konseptet?

3. Vil dykkar kystlag kunne vere med å arrangere Den Store Roen, anten åleine eller saman med andre kystlag?

 

Då høyringa skal oppsummerast for styret i HFKL, er det ynskjeleg å motta svar på høyringa innan 15.april 2017. Ein svarar då ved å returnere denne e-posten til meg.

 

Med venleg helsing

Per Otto Svendsby

Leiar, Hordaland Fylkeskystlag

Tlf 92 22 08 95

 

11. mars 2017:

Hordaland Fylkeskystlag hadde styremøte i Bergen. Referat kjem seinare.

 

18. februar 2017:

Hordaland Fylkeskystlag hadde årsmøte på Sunnhordland Museum på Stord. Les referatet her.