Vis bakgrunnsbilde

HFKL

Hordaland Fylkeskystlag er eit regionalt samarbeidsorgan for dei lokale kystlaga i Hordaland som er organisert i Forbundet Kysten.

Hordaland Fylkeskystlag har eit årsmøte og vel eit styre som står for den daglege drifta. Hordaland Fylkeskystlag står bak Årebladet, som er eit blad som vert distribuert til alle kystlagsmedlemmer i Hordaland og Sogn og Fjordane. Hordaland Fylkeskystlag tildeler lokale kystlag det årlege Fylkestreffet og i løpet av arbeidsåret plar styret i Fylkeskystlaget vitja nokre av dei lokale kystlaga.