Vis bakgrunnsbilde

Sjøveis kyrkjereis

Tanken er at det vert arrangert noko ekstra ut av minst sju gudstenester i den perioden Kystsogevekene varer. På desse kyrkjesundagane lagar ein til eit opplegg som inkluderer sjøveis transport til gudstenesta i kyrkjer som har si plassering ut frå det sjøbaserte ferdslesystemet i eldre tider. Målet med sjøveis kyrkjereis er å setja fokus på lokal kystkultur om korleis folk tok seg til kyrkjes før i tida, gje folk kulturelle opplevingar og gje gudstenestene auka oppslutning.

Eit tidskjema for ein slik dag ser gjerne om lag slik ut:

  • Frå ca. 0930-1000 Veteranskip/større båt (eller at folk ror/reiser med eigne båtar)

plukkar opp folk som skal til kyrkjes

  • Ca. 1030-1045 ankomst ved kyrkja
  • 1100 Start gudsteneste
  • Ca. 1215 Opplegg på kyrkjebakken - opplesing av kunngjeringar frå

td. lensmannen (gjerne miniskodespel)

  • Ca. 1230-1330 Mat
  • Ca. 1330 Kulturelt arrangement - til dømes konsert eller teater (anten i/på

ein annan arena eller i sjølve kyrkja)

  • Ca. 1430 Start heimreise

Her er det sjølvsagt stor fridom til å gjera lokale tilpassingar

(og det må jo ikkje vera sundag for å arrangera gudsteneste).

 

Konseptet sjøvegs kyrkjereis skal gå på rundgang mellom ulike kyrkjer, altså 2018 i kyrkje 1, 2019 i kyrkje 2, 2020 i kyrkje 3, osv før det returnerer til kyrkje 1 i td. 2021.

 

Desse kyrkjene planlegg sjøveis kyrkjereis i 2018:

Sundag 5. august: Hamre kyrkje på Osterøy

Sundag 12. august      

Sundag 19. august    

Sundag 26. august

Sundag 2. september

Sundag 9. september

Sundag 16. september

 

Send epost med info om dato og kyrkje til kystsogevekene@hfk.no dersom di kyrkje vil arrangera sjøveis kyrkjereis.