Vis bakgrunnsbilde

Om Kystsogevekene

Kystsogevekene vart etablert i 1997.
Kystsogevekene vart etablert i 1997.
22 kommunar står saman om Kystsogevekene.
22 kommunar står saman om Kystsogevekene.

Stiftinga Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kystkommunar i Hordaland og Gulen og Hordaland Fylkeskommune. Hordaland fylkeskommune er Stiftinga Kystsogevekene sin viktigaste økonomiske støttespelar.

Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege Kystsogeveker i Hordaland og Gulen. Bak dei ulike arrangementa står ei stor gruppe lokale eldsjeler som er stolte av eigenart og tradisjonar.

 

Kystsogevekene arbeidar for å styrkja identiteten i kystdistrikta og å skapa kultur- og reiselivsopplevingar knytta til kysten. Auka trivsel, vekst og nye arbeidsplassar er andre viktige målsetjingar. Målet med arrangementa er å fremja kystkultur og området sitt særtrekk.

 

Kystsogevekene speglar kystkultur fra alle tider, både gammal og ny. Folk får oppleva kystkultur og yrande folkeliv i mange former og uttrykksmåtar.

 

Programmet femner vidt, frå store folkefester til intime konserter eller små arrangement: marknader, konsertar, torgdager, revyar, turar og aktivitetar. Mange veteranbåter er i sving, og folk i alle aldre kan prøva seg på ulike maritime aktivitetar. Tradisjonsmat,  handverk og arbeidsteknikkar, lokale skips- og båttypar er sentrale ingrediensar i Kystsogevekene. På dei mange marknadene kan småskala-produsenter av ulikt slag, særleg innan mat og handverk, visa seg fram for publikum.

 

Støttespelarar  

Hordaland Fylkeskommune gjer årlege driftstilskot til Stiftinga Kystsogevekene.
Hordaland Fylkeskommune gjer årlege driftstilskot til Stiftinga Kystsogevekene.
Grieg Foundation stør arbeidet til Kystsogevekene med økonomiske bidrag som kjem lokale arrangørar til gode i form av arrangementstilskot.
Grieg Foundation stør arbeidet til Kystsogevekene med økonomiske bidrag som kjem lokale arrangørar til gode i form av arrangementstilskot.
Stiftelsen Neptun stør arbeidet til Kystsogevekene med økonomiske bidrag som kjem lokale arrangørar til gode i form av arrangementstilskot.
Stiftelsen Neptun stør arbeidet til Kystsogevekene med økonomiske bidrag som kjem lokale arrangørar til gode i form av arrangementstilskot.