Vis bakgrunnsbilde
Program
Opning av laksegiljene på Askildneset — 1500 Kleiveland Askildneset på Osterøy   Båttur , Omvisning


Storslagen opning av dei nye Laksegiljene på Askildneset i Osterfjorden. Bli med D/S Oster eller MS Bruvik på fjorden denne dagen. Bruvik har Ombordstigning på Ostereidet og Tysse. Bruvik har avgang frå Bergen og ombordstigning på Frekhaug, Salhus, Knarvik og Hamre. Dei som ønskjer det, kan bli frakta i land for å sjå nærare på laksegiljene og høyre om korleis ein fiska laks med sitjenot. 

Laurdag 19. august vert det storslagen opning av dei nye Laksegiljene på Askildneset i Osterfjorden. Bli med D/S Oster på fjorden denne dagen. Ombordstigning på Ostereidet og Tysse. Pris kr 390,- per deltakar. Sjømatbuffet er inkludert i prisen. Drikke kan kjøpast ombord. 

D/S Oster går frå Ostereidet kl. 11:00, Tysse kl. 11:30. 

MS Bruvik går frå Bergen 0930, Frekhaug 1005, Salhus 1015, Knarvik 1030 og Hamre 1045. 

Pris kr 390,- per deltakar. Ein kan tinga sjømatbuffet. Drikke kan kjøpast ombord. 

 

Oster og Bruvik ligg ved Askildneset frå kl. 12:00 -14:00. Opning ved ordførar Jarle Skeidsvoll. Talar. Musikk ved Fotlandsvåg Musikklag. Dei som ønskjer det, kan bli frakta i land for å sjå nærare på laksegiljene og høyre om korleis ein fiska laks med sitjenot. 

Alle med båt i området vert inviterte til å delta på fjordafesten.

Link til påmeldingside for båtturen med DS Oster (denne turen er fullteikna)

 

Link til påmeldingsside for båtturen med MS Bruvik (denne turen har ledige plassar)

 

Ver snill og gjer denne opplevinga kjend for andre, slik at vi får størst mogleg oppslutnad om arrangemenet.

Desse har gjeve økonomisk stønad til restaureringsarbeidet av laksegiljene på Askildneset: Hordaland fylkeskommune, Kulturminnefondet, Lerøy Vest AS, Ola og Solveig Rundshaug Antikvariske Vernefond, Stiftelsen UNI, Tysse Mekaniske Verksteder og Vestenfjeldske Bykreditts Stiftelse.

Les reportasje i avisa Bygda Nytt på denne linken


Askildneset på Osterøy