Vis bakgrunnsbilde
Program
Oselvardagen - undervisningsopplegg for 9. klassane i Os  —  Oselvarverkstaden, Oselvarlaget, Os kommune Oselvarnaustet, Oselvarverkstaden   Undervisning , Handverksdemonstrasjon , Omvisning , Rotur , Seglas


Oselvardagen vert arrangert i byrjinga av 9. skuleår, og finn stad ved Oselvarnaustet og i
Oselvarverkstaden på Osøyro. Elevane får kjennskap til Oselvaren, prøva å ro, segle, knyta
knuter og får kunnskap om båt og båtbygging.

Timeplan for dagen:

Klassen er delt i to grupper: A og B. Lærar deler klassen inn på førehand.

08.30: Oppmøte Oselvarnaustet. Informasjon. Presentasjon av båten, treslag etc.

09.15: Elevane henter årer, båtene vert klargjorte. Gjennomgang av enkle båtbruksreglar.

09:45-11:15 Gruppe A har praktisk båtbruk:
Roing og segling

09:45-11:15 Gruppe B er i Oselvarnaustet og lærar om tauverk, knopar og stikk. Rigging av seglbåt.

11.15-12.00: Pause, matøkt ved Oselvarnaustet, grilling. Fisking for dei som vil. Alle vert
oppmoda om å ta med fiskeutstyr!

12:00-13:30 Gruppe B har praktisk båtbruk:
Roing og segling

12:00-13:30 Gruppe A er i Oselvarnaustet og lærar om tauverk, knopar og stikk. Rigging
av seglbåt.

13:30 Utdeling av Oselvarbevis
14:00 Slutt 

 

Veke 35
28. august Os u. 9A
29. august Os u. 9B
30. august Os u. 9C
31. august Os u 9D
1. september Os u. 9E

Veke 36
4. september Nore Neset 9A
5. september Nore Neset 9B
6. september Nore Neset 9C
7. september Nore Neset 9D
8. september Nore Neset 9E 


Instruktørar er Berit Osmundsen og Stig Henneman frå Oselvarverkstaden. 


Oselvarnaustet

Oselvarverkstaden