Vis bakgrunnsbilde
Program
Historisk reise i Sunnhordland med DS Stord1 — 1600 Stiftelsen DS Stord1 Leirvik, Sunde i Kvinnherad, Etne   Båttur , Foredrag , Omvisning , Konsert


Denne dagen vil me spesielt invitera medlemmer i sogelag og pensjonistlag med på tur i Sunnhordlandsbassenget. Med på turen vert også foredragshaldar Harald Sætre (om HSD sine rutebåtar), Kjell Magnus Økland (om Kystsogevekene og Oselvaren) og trubadurar som underheld med sjømannssongar.

Me ønskjer også at medlemmer frå sogelag og pensjonistlag i Sunnhordland fortel soger og stubbar frå damprutebåtane si tid.

Avgang Leirvik ca. kl. 09.15 (ombordstiging frå kl. 08.30 – korrespondanse med snøggbåt frå Skånevik og Sunde)

Turen går gjennom Fjelbergsund til Ølen/Etne, Skånevik og tilbake til Leirvik ca.  kl. 16.00.

Billettpris heile rundturen kr. 300,00.

Turen er no fullteikna!

 

Sjå detaljert informasjonsskriv på denne linken

Merk at ut frå ny berekning av seglingstid for rundturen, vert det ikkje tid til å gå om Sunde. Frå Skånevik må turen leggjast gjennom Fjelbergsund også på returen eller gjennom Sydnessundet.

Les reportasje frå Stordnytt.no på denne linken

Les reportasje i avisa Kvinnheringen på denne linken

Les reportasje frå Stordnytt på denne linken


Leirvik

Sunde i Kvinnherad