Vis bakgrunnsbilde
Program
Høststormseilasen  —  Nordhordland Seilforening Herdlaflaket, Fab no 8 på Fedje   Regatta , Seglas


Nordhordland Seilfoening arrangerer den tradsjonelle Høststormseilasen fra Herdla til Fedje og attende med sosialt treff og overnatting på Fedje.

Starten laurdag er i området utanfor Gavlen på Herdla, derretter seglar båtane på faste merke til målgang like utafor havna på Fedje.

 

På laurdagskvelden er det middag med premieuteling og sosial omgang på Fab. No. 8 der båtane også ligg fortøyd. Sjå http://kystsogevekene.no/?AID=16453&ID=27286&K=4879&ACT=stad&KID=1265&index=3

 

Sundag er det ny regatta attende til Herdla, detaljar om løypene kjem i seglingsvedtektene som vert publisert på regattasidene omlag ei veke før start.

 

På regattasidene https://www.sailracesystem.no/regatta?regatta=2719 finn du og andre nyttige opplysningar og kan melde deg på regattaen.

 

For publikum er det mogleg å fylgje med på start og målgang frå land og det vert også live tracking av båtane tilgjengeleg via nettsida til regattaen For dei som har seglbåt og har lyst til å vere med men føler dei ikkje har nok erfaring til å stille i regatta så kan Nordhordland Seilforening hjelpe, me tilbyr trening kvar tirsdag i vår og haustsesongen der du enten kan være med ein båt med erfaren skipper eller få med ein instruktør på eigen båt.

 

Ta kontakt på regatta@nordhordlandseilforening.org om dette er av interesse.


Herdlaflaket

Fab no 8 på Fedje