Vis bakgrunnsbilde
Program
Fartøybygging i Ølve 1850-1960 — 1600 Ølve Bygdalag Skipsbyggjeplassen Øyra   Utstilling , Foredrag , Omvisning


Lars Nerhus held føredrag om fartøybygging på skipsbyggjeplassen Øyra der mellom anna Hardangerjakta Mathilde blei bygd.

Kulturnemnda i Ølve bygdelag og Stiftinga Kystsogevekene ynskjer velkomen til skipsbyggjeplassen Øyra på Nerhus, søndag 20. august frå klokka 13.00 til 16.00.

Her blir det utstilling av verktøy, båtmodellar og bilete som fortel om kvardagen til skipsbyggjarane. Smia blir open, saman med saga og skuret som var viktige arbeidshus.

To Nerhus-familiar bygde fartøy her i tre generasjonar, mellom 1850 og 1960. Blant anna vart hardangerjakta Mathilde bygd på Øyra.

Lars Nerhus held føredrag om FARTØYBYGGING I ØLVE klokka 14.00.

Borna som kjem, får byggja sin eigen båt, og dei får tilbod om båttur på sjøen.

Tysnes Kystlag kjem over fjorden med båtar og det vert musikk på kaien.

Det blir sal av kaffi, vaflar og pølser til grilling på bålet.

Parkeringsplass ved Ølve kyrkje.

 

Arr. Kulturnemnda i Ølve Bygdelag

 

Les omtale i Kvinnheringen på denne linken

Les omtale i Grenda på denne linken

Les omtale i Bladet Tysnes på denne linken

Les reportasje i Bladet Tysnes på denne linken

Les reportasje i avisa Grenda på denne linken


Skipsbyggjeplassen Øyra