Vis bakgrunnsbilde
Program
Det store sildastenget på Algrøyna i 1924 - Vandretur — 13:00 Algrøy Skule   Vandretur , Omvisning , Kulturminnevandring


Vinteren 1924 vart det gjord eit makalaust sildasteng i Kungvika på Algrøyna. Hans Inge Algrøy vil ta oss med på vandretur på Algrøyna for å høyra om og gå i fotefara til folka der då dei gjorde det store sildastenget vinteren 1924. 

 

Frammøte ved skulehuset på Algrøyna sundag 27. august 2017 kl 11. Hans Inge Algrøy frå Algrøy Bygdalag vil ta oss med og fortelja om hendinga med utgangspunkt frå nausta på Algrøyna og følgja stien der folk bar notbruk og naudsynt utstyr fram til staden ute i Kungvikja der stenget vart sett og silda berga.Han vil fortelja om då folk på øya ein uvêrsdag vinteren 1924 bar fram notbruk og fekk stengt inne ein stor sildastim som hadde sige inn på Kongvikja, og kva dette stenget gav folk både på Algrøyna og andre gardar i nærleiken.

Turen som går på sti, må seiast å vera lett og vil ta om lag to timar.

Turen er eit samarbeid mellom Fjell kulturminnelag, Algrøy Bygdalag og Fjell turlag.


Algrøy Skule